Ny søgning

Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

Bioingeniør, sommerjobb, Haugesund sykehus, Norge

Helse Fonna HF, Haugesund, Norge, søker bioingeniør til Haugesund sykehus.

Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt!

Dersom du er ferdig utdanna sommaren 2025, er du hjarteleg velkomen til å søkje på denne stillinga.

Kva kan vi tilby deg?
  • I avdelinga vår er vi rundt 20 dyktige og trivelege kollegaer som har det kjekt saman. Arbeidsdagane er varierte med rotasjon på ulike arbeidsstasjonar, noko som gir eit spennande og lærerikt arbeidsmiljø. Vi er stolte av det sterke samhaldet vårt og set stor pris på godt samarbeid og trivsel på jobb.
  • Vi hjelper deg med reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-)
  • Vi dekker husleige dei første 6 månadene (inntil 60.000,-).


Om stillinga:
  • Turnusstilling innan transfusjonsmedisin.
  • Turnus kan i stor grad tilpassast dine behov – oppgi gjerne ønskje i søknaden. Opner opp mulighet for 12-timersvakter.
  • Oppstartsdato kan avtalast, og vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Vikariat kan også vurderast.


Kvifor velje oss?

Immunologi og transfusjonsmedisin held til i toppmoderne lokale i 5. etasje i det nye sjukehusbygget. Vi er akkrediterte av Norsk Akkreditering og oppfyller dei høgaste krava til kvalitet og kompetanse i samsvar med NS-EN ISO. Dei avanserte laboratoriedatasystema våre, ProSang og Unilab 700, samt Reveos-automatisert produktframstilling, hjelper oss med å levere arbeid av høg kvalitet.

Vi søkjer etter ein dyktig og engasjert medarbeidar som vil bli ein del av det flotte laget vårt!

Dersom du er ferdig utdanna sommaren 2025, er du hjarteleg velkomen til å søkje på denne stillinga.

Flere informasjoner:

Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 5273 2280 / +47 9866 2597

Hvordan søke?

se stillingsopslaget her og søk online:

https://5196.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4954931768?language=nn&link_sourc

Søknadsfrist er 24.06.2025

(fra NAV EURES Norge)



Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no




Ansøg her

Retur til søgning