Ny søgning

Opret en jobagent og få nye jobannoncer direkte i din indbakke

Bioingeniør, Førde, Norge

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), seksjon FSS, Helse Førde, Norge, søker bioingeniør.

Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!

Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar?

Hos oss på LMBB i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Bioingeniørstudentar på 3. året er også velkomne til å søkje.

Her får du:
  • Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
  • Tett samarbeid med erfarne kollegar i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
  • Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt
  • Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon


Førde – din nye by:
  • Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
  • Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
  • Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.


Sosialt miljø:

Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.

Startdato etter avtale.

Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB:

https://vimeo.com/883956116/4c6ee92dd5?share=copy

Arbeidsoppgåver:
  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
  • Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
  • Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg


Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som bioingeniør. 3.-års bioingeniørstudenter som får autorisasjon sommaren 2025 kan også søke
  • Må beherske norsk / skandinavisk godt, både munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis / arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel
  • Gode IKT kunnskaper


Personlege eigenskapar:
  • Vere fagleg engasjert og interessert
  • Jobbe stukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Serviceinnstilt


Vi tilbyr:
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
  • Arbeid i IA-bedrift
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg


Er du klar for å ta steget?
Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon:
  • Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, +47 5783 9287
  • Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, +47 9182 5148


Hvordan søke?

se jobbet her og søk online:

https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ae0c1cfd-3cdf-4f3f-96fa-a233314f6105

Søknadsfrist er 25.11.2024.

Vi gledar oss til å bli kjent med deg!

(fra NAV EURES Norge)



Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

https://www.helse-forde.no/

Fuldtid


Ansøg her

Retur til søgning